Ny eigarfordeling i Haram Kraft AS

Dei norske eigarane Vestavind Kraft, Vardar og Østfold Energi kjøper E.ON sin aksjepost i Haram Kraft AS.
Pressemelding

Ny eigarfordeling i Haram Kraft AS

Dei norske eigarane Vestavind Kraft, Vardar og Østfold Energi kjøper E.ON sin aksjepost i Haram Kraft AS.

Haram Kraft AS vart stifta i 2003 for å utvikle vindkraftprosjektet på Haramsøy i Haram kommune. Energistyresmaktene ga konsesjon for vindkraftverket med tilhøyrande kraftnett i 2009.

Etter aksjetransaksjonen er ny eigarfordeling i Haram Kraft AS som følgjer: Vestavind Kraft AS 46 %, Vardar Boreas AS 27 % og Østfold Energi Vindkraft AS 27 %.

– Planen er å ta investeringsavgjerd i 2014 og ha vindkraftverket i drift i 2016, opplyser Stig Svalheim, styreleiar i Haram Kraft AS. I mellomtida vert det fokus på vindmåling og optimalisering av prosjektet, opplyser styreleiaren. Han legg til at selskapet har løyve til å bygge inntil 16 vindkraftverk på Haramsfjellet, og at det er viktig å finne ideell plassering av kvart einskilde kraftverk.

Dei bakanforliggande eigarane i Haram Kraft har alle si kjerneverksemd innan kraftproduksjon, med hovudvekt på vasskraft, men også ein god del produksjon basert på vindkraft.